Før 1890-90 åra brukte losane alltid båt. Losinga var fri kapring; den som kom først til rattet på skuta, hadde retten til å losa henne i hamn.

Dette førte til eit vilt jag utover havet i allslags ver – sommar som vinter. Og det var rimeleg at det gjekk gale stundom.

Sjølv om dei til vanleg rodde ut på store seksæringar, så vart det forlis og undergang når uveret rauk opp og havet vart for svært. Når det var stor sjø, hende det at dei borda seglskutene med å leggja seksæringane til stans. Skuta heiv over så ho la rekka under, og då kom båten langt inn over dekket. Losen var snar og sprang opp i vantet, og så rodde karane ut att før rekka kom opp av sjøen.

Men det kunne vera slikt eit uver at det var heilt uråd å koma inntil skuta med båt. Losen fekk då ei line slengd til seg frå skuta og vart halt om bord gjennom sjøen. Eller han siglde framfor skipet innover i fjorden til sjøen vart så bra at han kunne borda.

Mons Olsen Karland, 1841-1915, og Anders Larsen Aarland, 1818- 1866, var til havs og skulle borda ei seglskute. Anders styrte båten inntil, og Mons sto klar og hoppa til. Men han fekk tak i nedste trinnet av leideren og vart hengjande etter armane. Han ropa til folka ombord at dei måtte hala han opp etter leideren. Det same ropa Anders til dei. Mannskapet treiv då i leideren og hala han opp og om bord, men det kunne ikkje Anders sjå for han var alt komen attanfor skuta med båten. Han visste ikkje korleis det hadde gått, og skipet for siglande nord gjennom havet.

Då han var komen heim, sa han ikkje noko om det som hadde skjedd på havet, men han reiste til Bergen så fort han kunne. Den første han møtte på kaien, var Mons.