Haukanes med Kolbeinshamnn

Namnet Haukanes kjem truleg av hauk. Det kan vera av at slike fuglar heldt seg der, eller av ei nov eller ein stein eller anna synleg landskapsmerke som liknar på ein hauk.
Uttale: haukanæs.

Gamle skriftformer: Haukanæss i Huft 1427, 1463; Haukanes 1490; Hogenes 1519; Houchenes 1563; Høgenes 1567; Hugennes 1590, 1628; Hagenes 1601; Huchenes 1603, 1610, 1651; 1662, 1677, 1704; Hugenes 1605, 1618, 1627; Hochenes 1606, 1643, 1668; Høchenes 1666; Houchenes 1664; Haukenes 1666; Hokkenes 1703.

Kolbeinshamn er ei svært gammal kremmarhamn. Reisande som for nord og sør leia innanfor Huftarøy, tok inn på den vesle og gode hamna. Der fekk dei kjøpa seg mat og øl, og det var bondestove med Iosji for natta. Truleg har ein Kolbein budd der ei tid, og gitt staden namn.

1710 sat kipper Olle Kolbenshafn. Han hadde då 7 rdl. skuld i Bakholmen.

1757 heiter det at Kolbenshavn var “et gandske fornødent Stæd som havn for den Reisende og et Skydsskiftestædn” og at det var “et lidet og ringe Sted af samme beskaffenhed som Færesund og hvorpaa ey haves noget Handels privilegium, og deraf er eyer for nærværende Tiid Henning Gabrielsenn”. På den tida fekk oppsitjarane der sak og dom på seg fordi dei hadde hyst og gitt hjelp til røvarar og mordarar.

I 1800-åra var Kolbenshavn eit anneks til Bakholmen. Bondestova var stor og hadde lem med faste køyar, og utanom dette huset var det ei stor sjøbu. Folk som kom frå Fitjar og Bremnes med potetbåtar, stogga ofte og overnatta i Kolbeinshavn. Fiskarar kom og innom på hamna og handla når dei for forbi den vegen.

Haukenes.
Matriklar
1661:
Skyld 2 laupar smør og to huder. 12 skill. pengar.
Austevoll Gard og Ætt II, side 514
Matrikkelutkastet av 1950, Haukanes