I bygdeboka for Austevoll vert det sagt at Kolbeinshavn er ei svært gammal kremmarhamn. Reisande som for nord og sør leia på austsida av Huftarøy, tok inn på den vesle og gode hamna. Der fekk dei kjøpa seg mat og der var det bondestove med losji for natta.

Truleg har ein Kolbein budd der ei tid og gjeve staden namn. I 1710 sat kipper Olle i Kolbeinshamn. Han hadde då 7 rdl. skuld i Bakholmen. I 1757 heiter det at Kolbeinshamn var “et gandske fornødent Stæd som havn for Reisende og et Skydsskiftestæd” og at det var “et lidet og ringe Sted af samme beskaffenhed som Færesund og hvorpå ey haves noget Handelsprivilegium, og deraf er eyer for nærværende tid Henning Gabrielsen”.
På den tida fekk oppsitjarane der sak og dom på seg fordi dei hadde hyst og gjeve hjelp til lovbrytarar. Lokalhistorikar Johan Tufteland fortel at Kolbeinshamn var eit anneks til Bakholmen dei fyrste ti – åra etter 1800. Bondestova var stor og hadde lem med faste køyar. Denne stova stod der bustadhuset no er bygd. Folk som kom frå Fitjar og Bremnes med potetbåtar, stogga ofte og overnatta i Kolbeinshamn. Fiskarar kom og innom og handla når dei for forbi den vegen.

Peder Monsen I 1868 flytta Peder Monsen frå Hummelsund i Sund til Kolbeinshamn. Han kjøpte plasset og tidlegare leigarar fekk kår og bustadrett. Peder Monsen fekk i 1869 skøyte på plass Kolbeinshamn for kr 400 frå Axel Ingebrigtsen og fleire. Plasset vart no skyldsett som løpenr. 321c og fekk rett til beite i utmarka og rett til å ta lyng og torv til brendsel. Tre sjøhus som stod på plasset skulle få stå der.

Peder bygde den store sjøbua og innreida denne til mellombels husvære for seg og familien. Her vart borna frå fyrste ekteskapet fødde. Kona, Guri Larsdtr. N. Golten, døydde på barsel i denne bua i 1874 med fjerde barnet. Peder gifta seg alt i 1875 med tvillingsøster til Guri, Marte. Dei flytta inn i det nybygde bustadhuset. Peder bygde også ark og løbru på løa og nytt smalahus på nordenden.

To år etter at Peder og Guri flytta til Kolbeinshamn fekk Peder handelsbrev: “Marts 21. 1870: I henhold af Lov af 26. Mai 1866 om Udvidelse af Handelsfriheden paa Landet meddele Peder Monsen herved Ret til paa Stedet Kolbenshavn under Gaarden Haukanes i Sund Herred at drive Landhandel med Varer af ethvert Slags med Undtagelse af Brændeviin og Viin eller dermed tilberedet Drik samt de Varer som ved Lov om Handelen af 8. August 1842 Paragraf 7 er udelukkede fra Kjøbmandshandel.”

Peder var ein drivande kar på sjøen. Han hadde fleire mindre og større farty. Så lenge han levde selde og kjøpte han farty. Eitt av fartya, ei jakt, vart bygd i Kolbeinshamn av utabygds båtbyggjarar. I 1890-åra fekk han bygd ein større slupp, “Venus”, som han skulle sigla på Nordland med.

Men fyrste og siste turen vart ein tragedie. Han forliste ved Støtt på nordveg og 3 av mannskapet kom vekk. Sjølv vart han hangande etter rortaljen og vart berga. Sluppen vart også berga, men vart seinare berre nytta som lossementfarty. Etter forliset var Peder heldig to år på rad på storsilda så han retta opp att økonomien.

Jaktene i Kolbeinshamn vart oftast kalla “Havnajakta”. Ved sida av det sjøen og handelen gav, var jordlappen viktig. Denne oppgåva tok mest konene seg av. Her var for nok til 2 kyr, 1-2 ungdyr, 1 gris og 7-8 sauer. Konene hadde også ansvaret for den daglege drifta av butikken, barneoppdraging og stell av “dei gamle”.

Sjølv om vareutvalet var enkelt vart mange tunge tak når 100 kg mjølsekkar eller sirupsfat skulle slitast frå bryggja opp i butikklokalet i underetasjen av bustadhuset.

Då familien flytta inn i det nye bustadhuset, vart butikken flytta ned i 2. høgda i naustet. Guri og Anders Birkeland Kolbeinshavn Peder dreiv handelen til 1902 då svigersonen, Anders Birkeland, overtok drifta.