TORVTAK. (5-6)

av Olav K. Drivenes
(Trykt i “Sunnhordland” 2001)
Øyane og kystbygdene i Noreg hadde tidlegare lite av skog. Del største og mest utbreidde trea her var braken og raunen, med litt selje, hatle og osp hist og her.
Den frodigaste vegetasjonen var lyng i ulike variantar. Det var såleis lite å henta av brensel frå skogen.
Men mest all oppvarming og matlaging måtte gå føre seg ved hjelp av brensel til å fyra opp med i komfyrane og stoveomnane, og dette brenselet måtte hentast i naturen. Når det såleis var lite å finna av skogsvyrke, blei det torv folk måtte folk ty til å fyra med.

Rett nok blei primusen med oljebrensel nytta i nokon grad, men olja måtte kjøpast for pengar, medan torvet ikkje førde med seg nemnande utlegg.
Torvet henta dei frå myrane. Det var små dalsøkk med vassamling mellom haugane, der molda hadde vorte vaska ned frå berga og lagt seg i vatnet til den etter lang tid hadde fylt det att og laga torvmyr av det.Ein pause i torvtakinga i Blomstermyra. Truleg teke våren 1943 av Borghild Drivenes (g. Andersen). Frå venstre: Elmer Strømmen, Kristoffer Drivenes, Otto Drivenes, Anders Grasdal. Heilt bak: Aslaug Drivenes (g. Drønen) Framme: Johanna Drivenes (g. Aarland og Olav Drivenes. Torvmaskina går mest i eitt med terrenget, men  Johanna lener seg til eine sveiva

I tillegg til mold og vatn var her store trerøter, tømmerstokkar og andre planterestar i forråtning, og det heile danna ein god blanding som kunne brennast når det blei tørka. Røtene og stokkane vitna om at det i tidlegare tider måtte ha vore skog her, storskog til og med. Teorien er at uthogging og brannar hadde ført til at skogen forsvann. Restane av denne skogen var no å finna som store og små deler i torvemolda og blei til brensel saman med den.
Gardsbruka kringom hadde fått tildelt torvmyrar i utmarka, oftast på eigen grunn. men dersom det ikkje fanst torvmyr på eit bruk si utmark, fekk dette bruket myr ein annan stad. Den blei då liggjande på eit anna bruk sin grunn, med di heile utmarka var utskift mellom bruka. Alle bruk skulle eiga ei torvmyr.

Tradisjonell torvspading. 
Det var to måtar å ta torv på. Den eine var å spa torvet direkte frå myra. Der var jordsmonnet så pass hardt at dette var mogleg. Då var det berre å flekkja av graset og røtene på toppen og syta for å ha ei “brun” å starta frå. Så skar ein med spaden eit stikk på kvar side av torva,
så langt mellom dei at det gav høveleg torvbreidde, deretter eit stikk i bakkanten, og del kunne vippa ei ferdig torve opp med spaden. Torva måtte så leggjast til tørk på høveleg stad og seinare verta snudd for å tørka på andre sida og. Det kunne vera tale om vekers mellomrom her, alt etter kva veret vart etterpå. Det vart skore mange slike torver på ein dag, men så var det også vinterbrensel det var tale om her.

Seinare vart torvet ‘sperra” og “krakka”. Då vart to torver sett på skrå opp med øvste kanten til støtte mot kvarandre, då var det sperra. På toppen vart det lagt ei tredje torve flatt opp på dei to, og dei såg ut som ein krakk der dei stod, altså krakka, og såleis fekk ein ei betre tørking.

Det som ikkje vart ført eller bore heim, blei lagt opp i store såter, slik oppbygde at regnvatnet kunne renna av utan å væta ut torvet i særleg monn. Der kunne så desse såtene stå, og ein kunne henta av dei når det høvde, eller når det minka på lageret i torvløa.
Heile dette arbeidet kunne utførast av familien åleine. Mannen i huset skar torvet og gjorde ulikt grovarbeid som følgde med, ungane bar torvene bort på tørkeplassen og kona kunne variera mellom det å bera torv, og å syta for at folket fekk mat og stell, I torvmyra kunne ein ikkje hefta seg av med å gå heim og eta. Oftast var myra så pass langt heimafrå at det tok lang tid å gå fram og tilbake.

Det var dessutan stor stas, særleg for dei yngste, å få eta ute. Når så dei vaksne også åt ute saman med dei, var hugnaden enda større. Litt tid til leik følgde alltid med og.
På denne måten hadde familien skaffa seg brensel for vinteren utan å ha lagt ut ei krone. Eit spaskaft kunne rett nok ryka og kosta litt å få erstatta. Fortenesta til den einskilde var det dei hadde greidd å spara med å gjera arbeidet sjølv.
“Pengar spart er pengar tent”, var eit uttrykk dei levde opp til i mange samanhengar, slik også her. Pengane eller kronene var ikkje så mange hos kystfolket då.

Maskintorvtaket. 
Så var det den andre måten å ta torv på – maskintorvtaket. Til det kravdes fleire folk, og det måtte bli dugnad eller bytesarbeid. Fleire brukseigarar gjekk saman om å ta torv, først hos ein og så hos dei andre etter tur. Torvmaskinen åtte dei ofte i lag. Ved maskintorvtak var det ein som heiv mold opp av ein “høle” (hole eller grop) i myra, vanlegvis mannen på det bruket dei tok torv. Der han la molda, stod det ein som la henne opp i maskinen og dynka henne.
To mannfolk, sjeldan kvinner, sveiva drivverket rundt og ei rekkje personar tok ferdig torv frå maskinen med ei “spøve” (ein trespade) og bar det bort på ein eigna tørkeplass.
Det blei mange spaserturar att og fram mellom torvmaskinen og tørkeplassen med torv gjennom ein heil arbeidsdag.Torvmaskin

Maskinen var ei sylinderforma tønne, kring 1,20 m høg og med ein diameter kring 60 cm. Denne blei plassert i torvmyra og hadde eit drivhjul på toppen. Det blei snudd rundt med to sveiver og krafta overført til ein skruvalse som skrudde molda nedover etter kjøtkvernprinsippet og mol henne sund inne i tønna. Ein høveleg blanding med vatn måtte til før molda kom som ein seig masse ut gjennom ein opning i nedste enden av tønna. Der passerte massen gjennom ein slags kasse – eit “slok”- så stor som ei torve skulle vera, open i eine enden, og det var berre å ta ferdig torve frå den med torvspøva og gå til tørkeplassen med henne. Etter kvart vart området omkring sjåande ut som ein nyspadd åker, svart over alt av torv som var lagt ut til tørking.

På maskintorvdagane kunne ein utveksla nyhende med kvarandre, ein slags “kyrkjebakke”. Her gjekk praten lett, og mange var dei historiane og skrønene som blei fortalde.
Mang ein person fekk sin omtale på godt og vondt, og råd og vink om dette og hitt kunne ein også få. Ofte hadde dei eldre litt livsvisdom og moral å innprenta dei unge med og.
Arbeidsdagen var lang, vanlegvis frå kl 7 om morgonen til i 7-tida om kvelden. Innimellom var det ein halv times føremidedagskvild (lunsj), to timar middagspause, og ein halv time til nonsmat. Små kvilestunder på 5 til 10 minuttar kunne ein også unna seg. Oftast var ein godt trøytt etter torvdagen.

Framgangsmåten etterpå var lik den med spatorvet. Det blei sperra, krakka og lagt i såter og bore eller frakta heim i torvløa når det høvde, eller når det blei bruk for meir brensel. Torvsåtene kunne nok stå ute lenge, men det var sjølvsagt tryggast å få torvet i hus før haustregnet kom. Sumtid var det eit skjul nær torvmyra der torvet kunne lagrast til så lenge.
Kipa var berereiskapen framfor nokon til torvbering. Den slengde dei på ryggen og rusla seg ut i marka eller til fjells for å henta ei torvkipe. Ho kunne fyllast på torvstaden og torvet berast heilt heim utan mellomstasjon. Det vanka stundom vond rygg eller gnagsår på akslene etter slike turar. Dette også var arbeid der alle i familien måtte trø til, kvinner som menn, tilmed borna, dei bar ei torve under kvar arm på heimvegen.

Elles vart handkjerra mykje nytta til torvtransport når det var køyrande deler av vegen. Ein lessa frå kiper til kjerra var full, og drog så heim med lasset.
Låg torvstaden høgt i lendet, vart det stundom strekt løypestreng fram til veg, torvet sendt i sekker ned over den og frakta vidare heim i kjerre.
Robåten kunne bli nytta til frakt av torv. Torvmyra låg ikkje alltid “landfast” til heimegarden, og då kom båten vel med når torvet skulle heim.
Det blei mange handteringar av torvet før det var heime og kunne puttast i omnen.
Under krigen i 1940-45 nådde torvtaket eit høgdepunkt.
Men etter kvart skjøna folk at torvtak var jordøyding. Lite jord var her frå før, og når ein i tillegg skulle tørka og brenna henne, så sa jo fornuften at dette burde det bli slutt på. Jorda kunne gjera så mykje større nytte for seg på anna vis.

Men kva var så alternativet til torvbrenselet når her var så lite av skog. Kol, koks og olje kunne nok erstatta det fullt ut, men desse kosta som nemnt pengar.
Men etter krigen blei anna brensel meir tilgjengeleg for alle, det blei også meir pengar blant folk, og torvtaket slutta av seg sjølv, noko dei fleste var glad for.
Ein snunad på brenselspørsmålet kom også med elektrisiteten. Den førde med seg ei enorm utvikling, og på mange måtar eit betre liv for kystfolket. Det gamle ordtaket “…det vart som natt og dag…” kan truleg brukast til samanlikning her.