Uteflorane i Ystaneset

Ystaneset er den lange smale delen av Stolmen som stikk ut i havet mot nordvest. Denne armen mot storhavet har vore eigd av Hevrøyfolkje så lenge ein kan hugse. Her er ingen busetnad, berre lyngrabbar og brakje og murar etter uteflorar. I dag er det villsauen som regjerer på lyngrabbane, men går ein 50 år attende gjekk det små grå og brune kyr mellom desse rabbane.

Folket på Hevrøy tok truleg til å nytta Ystaneset på 1600 talet. Då vart dei første uteflorane bygd og sidan vart det til at kvar einaste husstand på Hevrøy ein eller annan gong nytta beitemark og flor i Ystaneset. Hevrøy hadde etter måten ein stor folkesetnad opp gjennom tidene. I folketeljinga av 1801 er det lista opp 44 personar heimehøyrande på gardsnamnet Hevrø. I 1865 teljinga er det 52 personar som skriv seg til gardsnamnet Hævrøy og i 1900 teljinga er det 56 personar som skriv seg til denne garden.

Stølinga gjekk føre seg frå tidleg i mai, etter at poteten var komne i jorda, til uti september. Buskapen vart, som alt anna, frakta til og frå beita i Hevrøymarkje i seksæringar. Sommars tida rodde kvinnfolka på Hevrøy morgon og kveld frå Hevrøy og til stolmalandet. Dei rodde med ein seksæringar og var 8-10 kvinnfolk og ikkje sjeldan nokre ungar. I finvêr var turen snart gjort, men om det bles opp kunne dei ha ein strid tørn. Etter at støling vart teken opp i Rosseide rodde dei som støla der med eigen båt.

Veret var også med å bestemma kvar dei skulle lende. Dei hadde 4 lendingar alt etter som veret var og kyrne gjekk.
Nordvest om Langeboden ligg “Urdæ” og søraust om denne boden ligg “Dalen”. Desse lenda vart brukt når dei heimanfrå kunne sjå at kyrne gjekk heilt vest i marka. Der moloen i Setrevika no er låg to lende. Om veret var godt lenda dei i “Tøkje”. Dette er ei “skore” der moloen ligg i dag. Herfrå kom ein beint opp på “Tøkjesbakkane” og dette var såleis den kortaste vegen til stølshusa. Om veret ikkje let dei lende her nytta dei “vestatåt”. Dette lende låg inne i Setravika og var ikkje så utsett for drag i styggever som “Tøkje”.

Stølsdrifta i Hevrøymarkje vart lagt ned i 1955. Året før hadde Bunesane slutta og i 1955 var siste sommaren hevrøyfolkje hadde kyr i marka. Etter den tid hadde dei sauer i marka, men frå tidleg på 80 talet er det villsauen som har regjert, sommar som vinter. Dei siste åra det var drift på uteflorane i Hevrøymarkje var det desse familiane som dreiv:
For gardane 21/1-10 var det ei utskifting av utmark i åra 1908-1923. Og som eit resultat av denne utskiftinga vart floren til Bunesane, Jakob Ottesen, flytta frå det som då vart Sørvikane sin eigedom, til ny tuft om lag 100 meter nærare sjøen og Sætravika, i nordaustleg retning. Denne nye floren skilde seg ut frå dei som sto i området ved at det berre vart mura ein låg grunnmur og så vart resten av floren sett opp i tre. I åra rundt 1950 var denne floren raudmåla og synleg frå dei øvste husa i Sætravika. Dei siste åra det var drift på stølen var Hermina og Olava med i denne floren. Floren dei hadde var då i så dårleg stand.

Larsane, Johannes og Jakob Jakobsen og Midtstovane, Sigurd (Jakob Andersen) hadde eigen flor. Det var Larsane som dyrka opp den store myra, gjerda henne inn og slo graset. Dei hadde då bygd ein skukk på floren til å ha høy som dei slo på den oppdyrka marka. Myra vart truleg oppdyrka i 1930 åra. Etter at det vart slutt på stølinga slo dei myra til opp mot 1960 talet. I byrjinga av 1960 talet vart det spela fotballkampar her, Selbjørn mot Stolmen/Hevrøy. Einskilde sundagar kunne desse kampane samla mykje folk.

Hansane, Erik og Henrik Kolbeinsen og Hermina, Hermina Hevrøy. På slutten heldt murane på og detta ned og Hermina flytte inn med Bunesane.

Halvorsane, Elling H. Hevrøy, Olava og Knut H. Hevrøy. Her var floren i dårleg stad på slutten og Olava flytte inn til Bunesane medan floren vart vølt.
Rosseide er eit smalt eide om lag midtvegs vestover Hevrøymarkje. Bakkane her vart dyrka av gamle Johannesen i 1930 åra. Han sett også opp uteflor og løa der.

Andersane, Alfred Andersen og Johnsane, Elen (Elo) Hevrøy. Seinare flytte Johnsane til “dei der vest” i Rosseide. Andersane hadde på slutten sin flor åleine.

Kjelder:
Asbjørg Aasebø
Digitalarkivet, UiB
Nils Steinar Vaage