|
Kva vil de kunna finna på nettstaden?
Lokalhistoriske artiklar. 600 flyfoto frå 1960-talet. Kopi av
møtebøker: Formannskap, kommunestyre, skulestyre og fattigstyre;
- fleire 1000 søkbare sider. Lenkjer til folketeljingar, utvandringsregister,
kyrkjebøker, matriklar, stadnamntydingar, andre databasar m.m..
Orientering om prosjektet:
Austevoll kommune har vore ein av 6 kommunar som har delteke i det landsomfattande
paraplyprosjektet skjermkontakt med lokalhistorien som Statens bibliotektilsyn
sette i gang i 1999. Samla har kommunen motteke tilskot på kr
350.000 til dette prosjektet.
Kommunen har bidrege med sin del m.a. gjennom rettleiingstenesta i grunnskulen
og mykje dugnadsarbeid.
Soga har vore lang fram mot prosjektet. På slutten av 1970- og
byrjinga av 1980-åra vart eldre arkivmateriale henta inn frå
Lensmannsgarden på Sandtorv, frå "tingstova" på
Bakholmen og frå private. Materialet vart samla på kommunehuset.
Sidan innsamlingsarbeidet starta, utarbeidde to lærarar småartiklar
og samla lokalhistoriske artiklar til undervisningsbruk. Frå skipinga
i 1987 av Interkommunalt arkiv i Hordaland, IKAH, vart Austevoll kommune
sitt eldre arkivmateriale sendt dit for ordning.
Saman med IKAH har kommunen på ulik vis freista skaffa midlar
til å gjera dette store kjeldematerialet lettare tilgjengeleg
for ålmenta.
Men svara var negative. Lukkast gjorde ein fyrst då IKAH og undervisnings-
og kulturkontoret sende søknad gjennom bibliotekverksemda og
fekk positivt svar på søknad om deltaking på prosjektet
skjermkontakt med lokalhistorien.
Så var det berre å setja i gang.
Fagfolk i IKAH hadde Austevoll kommune alt samarbeidd med i nære
på 15 år og det innsende arkivmaterialet var så godt
som ordna. Fylkesbiblioteket gav gode råd, hjelpte til med å
skaffa serverplass og midlar og har vore ein pådrivar i prosjektutviklinga.
Mediasenteret ved Høgskulen i Bergen vart kontakta og har laga
god og lett søkbar nettstad. Den lokale biletkunstnaren Solveig
Kalvenes gav sitt bidrag ved utforming av treffande logo.
Dei siste 2 åra har så samarbeidsnettverket vorte utvida.
Statsarkivet i Bergen kan og vil mykje og har synt stor evne til fleksibilitet
og positiv rådgjeving. I tillegg har Statsarkviet hjelpt til med
å utvida samlinga til å verta mykje meir enn det ein i utgangspunktet
våga å tenkja seg. Vidare har Kulturlandskaps-senteret i
Hordaland, universitet og museum vore gode støttespelarar gjennom
m.a. prosjekta Nordsjøløypa og Gode Naboar. Fylket si
fotovernteneste har gjeve uvurderleg hjelp til fotosamlinga og såleis
bidrege til å gjera dette lokalhistoriske prosjektet vellukka.
Bladet Marsteinen deltek også i prosjektet gjennom digitalisering
av fotosamlinga og vil stå for vidaresal av biletmateriale som
krev betre kvalitet enn det som ligg på nettet. I tillegg har
ein lokalt samarbeida med alle grunnskulane gjennom prosjektet Austevoll
før og no som har fått statleg støtte gjennom utdanningsdirektøren
i Hordaland. Elevane i Austevoll skriv lokalsoge gjennom prosjektet
Austevoll før og no.
Lokalt har ein freista gjera så godt ein har evna. Arbeidstimar,
kveldar og helgar er blitt brukt.
Biblioteksjef Elin Golten har leia prosjektet med god hjelp av sekretær
Ågot Sætveit, rettleiar i IKT i grunnskulen Erling Utne
og fagrettleiar i bibliotek-/arkiv-arbeid i grunnskulen Olav Hagerup.
Samordning og prosjektansvar har skule- og kultursjef Karl Johan Haugland
hatt.
Vidare arbeid:
Prosjektet med tilskot frå Statens bibliotektilsyn er no avslutta.
Nye prosjekt står for tur og høver godt inn i samlinga.
Her kan nemnast: Utviding av fotosamlinga, arbeid med bygdebok og vidare
arbeid med stadnamnprosjekt. I tillegg til arkivmateriale finnst også
store mengder lokalhistorisk materiale, verksemdregister m.m. som vil
eigna seg for presentasjon gjennom internett.
Difor er det rett å seia at ein ved avsluttinga av dette prosjektet
berre så vidt er ved byrjinga. Rammeverket er utarbeidd med tanke
på å tola store mengder lokalhistorisk stoff.
Storebø 4. november 2001. Karl Johan Haugland
|