Til opningssida

Barneminne av Nils Bjellandbb bb bb bb

Vinterleik Eggtjuv - for siste gong
Sommarleik Skuleeksamen
Fiske på Røvet På tvangsauksjon
Kapproing og fiske på Seito Eit kongerike for eit kje
I Ramneberget Ei skræmeleg hending i Hamn
Sjur og bærtrea Skarlagsfeber
Sjur og hunden

Vinterleikhf

Eg og han Kris - kameraten min - var støtt i lag både helg og kvardag. Eg var liten og ledug, han var stor og styrven. Men me passa godt saman likevel. Han gjekk alltid med stav eller med ein påk i handa. Og det fann no eg så løgleg og erta han mang ein gong og kalla han gamel'n. Han var bråsint, men snart god att. Om vinteren sat me på slede nedover dei brattaste bakkane så snøspruten stod høgt til vers. Me leika krig med kvarandre og bruka snøball som kuler. Me laga snømann eller bygde oss hus i dei største snøfonnene og hadde det så kjekt der på ymse måtar.
Ein dag sa eg til Kris: No skal me sitja på slede frå Lurane til Ospebrotet. Det er noko meir spennande enn i den gamle leida som kvar barnsunge utan fare kan bruka. Men då fekk eg høyra 'an! - Var eg galen! Ville eg gå lukt i urda og krasa meg? Fann eg på noko slikt skulde han klaga meg for far min og for læraren, og då skulle eg få så mykje bank att…. Når eg var krast ? Sa eg og lo. Å, din reddhare, ropte eg og sette i veg. Men eg må vedgå at motet mitt sat meir i orda enn i hugen. Då farten auka og eg kom nærare stupet vart eg heit om øyro og tenkte på skade og ulukke. Eg høyrde korleis Kris skreik over seg. Men i siste liten fekk eg slengja med ut av sleden, og eg var berga medan sleden for som ei utskota pil utover brotet. Men då var eg noko til kar, syntest eg, og Kris syntest visst det same.

 

Sommarleikbb

Om sommaren lauga vi oss i Naustvika, og sigla med båtane våre. Me fanga småkryp, hummar og ål og hadde dei inn i små dammar som me hadde gjerda inne med sandvollar. Frå den eine dammen til hin laga me kanalar, så dei kunne ferdast att og fram. Av steinar laga me små holer, så hummaren og ålen kunde gøyma seg når sola skein varmt. Det var så morosamt å sjå på, at me ikkje visste kor snart tida gjekk. Mons på Neset laga meg ei stor seglskute. Ho var særs god å sigla. Ho kvelvde aldri kor sterkt det enn bles, og då ho kom att under brotet på austsida av Naustvika, snudd ho inn att som om ho hadde hatt ein styrmann ombord. Dei andre kameratane misunnte meg denne fine skuta og prøvde å lokka ho frå meg på alle måtar. Men eg ville ikkje høyra på deira tilbod. Sist eg såg ho stod ho i det naustet me hadde laga til båtane våre. Men so vart eg sjuk - og sidan veit eg ikkje kvar det vart av ho.


Fiske på Røvetbb

Den tida fiska dei om sumaren småsei inn på Røvet. Eg og Kris var no støtt dei som måtte henta agn, anten ifrå Selvågen eller Hola. Eg var ikkje sers huga på dette. Eg syntest det var som eit slags tigging sjølv om eg hadde pengar med til å løysa den agnsild eg fekk.
Ein gong me skulle til Selvågen og hadde lendt båten vår i Troni, kom ei jenta som var frå Purkholmen , men tente på Nordeide ut på haugen og gjorde narr av oss.- Ha, ha, ropte ho, -skal de stad å tigga sild? Ha, ha! Eg vart so skjemd at eg sa til Kris. - Kom, la oss springa alt me vinn, so ho ikkje ser oss att. Men han sa at eg berre skulle venta litt, så skulle eg få sjå. Så auste han sand og småstein i kipa si og byrja røra rundt i den med staven sin så det lydtes lang veg og ropte: "Gyss,gyss". Så skjøna eg meininga hans! Eg såg opp korleis ho ville ta det, men ho kvarv burt som om ho sokk ned i jorda. Eg vart så glad og syntest K. var ein gasta kar. Sidan hadde han støtt sand i kipa si og me ønskte ho berre ville visa seg att. Men det gjorde ho ikkje. Så snart me hadde fått agn, var me heime som snøggaste og fekk oss kveldsmat. Og så rodde me inn til Kumlesundet. Der låg heile fiskarlyden. Dei som var så heldige at dei hadde fått agn måtte dela med dei som ikkje hadde noko. Eg syntest det var så rart at den som fekk agn sa ikkje -Takk, men: -Heila handa !. Ein trudde vel på betre fiskelukke då. Eg og kameraten min la oss ned i bakstamnen til å sova - med oljetrøya over hovudet. Eller me for rundt og leita etter krabbar på berga, gjekk så opp på øya og steikte dei over eit lyngbål smakte framifrå godt. Eit herleg uteliv! Den som kunde leva det opp att!

Ingen måtte reisa inn på fiskeplassen før i sekstida om morgonen, elles vart han halden for ein fark. Skikk og vis var slik. Og det hende visst aldri at nokon braut den uskrivne lova.
Komne inn på Røvet hadde eg og Kris moro med å hiva agnskurd ( oppskore agn ) til ein fugl dei kalla tjuv-jo'n., han tok dei i lause lufta. Når me vart for høgrøysta og heiv agnskurden for nær ein mann som heitte Jon, vart han sinna og ba oss "halta kjeften" som om det hadde vore han me meinte! Men det vart berre meir moro for oss, kan du skjøna. Dei heldigaste fiskarane fekk opp til 50 sei på snøre. Men klaga gjorde dei likevel over kor sløg og treisk denne fisken var. Då var det ein mann som sa: "Eg veit ikkje kva han er, eg har ikkje kjent han enno!" Då måtte dei le. - Så var det å ro heim med kokefisk til middag. Slik heldt dei på i fleire månader.

 

Kapproing og fiske på Seitobb

Ein gong skulle eg og far min på Seito som låg på hi sida av fjorden nord ved Kaldefoss. Då me for om Saueneset kom to bøkarar ( karar frå Storebø ) stormroande fram om Notaneset.
"Gjev eg var vaksen og sterk", sa eg til far, "då skulle dei ikkje ha kome før oss til Seito". "Det kan vel vera det same kven som kjem først, berre det vert godt fiske", svara far. Men eg hadde hug til å kappro med dei, berre eg hadde vore så sterk som Samson. Eg spente i tofta og rodde alt eg vann. "Bry deg ikkje", sa far. Men smått om senn merka eg at båten byrja skyta sterkare fart til den gjekk så fort at eg ikkje orka halda årane i sjøen. Bøkarane såg attom seg ender og då og undrast nok over at dei ikkje kunne koma oss nærare. Dei brukte nok den makt dei åtte, men like lite hjelpte det. Midtfjords gav dei opp leiken - og me kom først likevel. Og glad var eg.

Me drog mykje fisk. Men det blåste opp ein forrykande storm av sydaust, så eg ikkje makta å andøva lenger. Så skulle eg byrja fiska. Og eg drog 13 store seiar. Eg måtte stå ende opp i båten og dra snøre, og far måtte hogga kleppen i dei for å hala dei inn over esinga for det var stor skrubbsei. Eg var reint stolt over fiskelukka mi. Blåste gjorde det så sjøen rauk som aska av bølgjetoppane. Men far sette opp seglet likevel, for den gong hadde me den gamle færingen vår, og han var så stø at når keipane låg i vatnet, la han seg ikkje meir over kor mykje det enn blåste. Eg sette meg på framtofta og såg utover sjøen. Eg skal sei det gjekk unna.! Men kjekt var det om det enn såg farleg ut, men når far var trygg og roleg, kunde eg vera det og. Å, om eg kunne fått meg ein slik segltur att! Når eg om har vore oppe på haugen og sett innover fjorden og fiskeplassane, har eg lengta so sårt etter å segla og fiska som i barndomsdagane mine! Men borte er borte som så mykje anna for meg.

 

I ramnebergetbb

Ein vår fekk me høyra der var sett premie for ramnungar - 2 kr. For kvar ein me kunne få tak i. Jau, her var pengar å tena. Me viste at i Ramnebrotet hadde eit ramnenpar reir med tre ungar i, so vidt me kunne sjå. Det var så godt som 6 kr. For oss - ein heil kapital i dei dagar. Eg og A. og L. var einige om å fanga dei, når dei vart store nok Me ville ikkje nemna det med Kris , for han var så livande redd for å kliva i berg og brot og ville røpa det for far sin, og han ville forby oss å gjera dette.
Ein søndag då mest alle var til kyrkja - og Kris med - la me karane i veg. Me hadde forvissa oss om at ungane var der for eit par dagar sidan, så me tvila ikkje på at dei var der no og. Men kven av oss skulde gå ned? Eg var for liten til å taka opp striden med ramnefar og ramnemor, om dei skulle gjera eit åtak. A. var for tung til å hala opp att. Så vart det han L. som tok på seg og gjekk ned. Då han batt reipet om livet og gjekk utover brattaste brotet, kjende eg ein kaldstraum nedover ryggen min. Eg og A. gav ut på reipet til det slakna og me trudde han var komen ned på den bergskorta der ramnereiret var. Det gjekk ei tid. Så høyrde me eit rop. Det var han L. som ropa, at ramneparet var drege sin veg med alle ungane sine! Reiret var tomt! Eg kan ikkje seia kor harme og leie me vart. Dei svarte beista som hadde narra oss april.
Så ville L. opp att. Og me hala alt me vann. Til all ulykke var det ein knute på reipet og den kunde me ikkje få opp igjennom ei lita rift i berget. Då ropa han L. at me kom til å fila reipet av på den måten. Me fekk la det gå nedover, og ned gjekk det snøggare enn me syntest om. Men kor skremde me vart då me såg at me hadde vel lite tau. Eg ut på ytste kanten og ropa til L. at tauet var for kort! Han svinga då att og fram i lause lufta og det var fare for at han kunne skamslå seg mot fjellveggen. Endeleg fekk han tak i ei osp som var der og ropte opp at han kunne halda seg ei stund men lenge orka han det ikkje. A. batt då tauet fast i ein brake og la i veg til naustet so vass - sprøyten stod omkring han for å henta faren sin linekal. Han var vist ikkje mange minuttane borte, men tida syntest meg som ei heil æva. Og då brakerota byrja å losna, gjekk det både heit og kaldt igjennom meg. Endeleg kom han A. og fekk knyta tauet saman. Eg ytst ute på bergnova att og ropa til han L. at han fekk sleppa seg - og nedover gjekk det så fort at huda sviddest av hendene våre, og var der kome ei lykkje på tauet og ei hand eller ein fot inn i den, hadde me nok gått utføre stupet begge to ! . Så slakna tauet og me skjøna at han var komen nedatt, men me var redde for at han hadde slege seg forderva. A. heiv resten av tauet utover berget og me sprang skjelvande ned under berget. L låg så lang han var og rørte seg ikkje. Han hadde uvita, som ventande var av den sterke spaninga han hadde vore i. Men han kom seg snart att.
Då me hadde kvilt oss ei stund såg me ein kyrkjebåt koma roande framom Storeklubben. Så var det for A. å ta tauet og springa av stad med det til naustet. Så rusla me heim både trøytte og skuffa . Eg gjekk og la meg til å sova. - Storola som dagen etter skulle leggja ut liner, kunne ikkje skjøna korleis linekalen hans var vorten so oppribba, som om den var drege opp og ned med eit berg. Han ante ikkje at me hadde nytta linekalen hans i Ramnabrotet eller hadde me nok fått smaka stubbane. Og det hadde me nok vore vel verd.

 

Sjur og bærtreabb

Eg hadde likte å planta tre, helst bærtre. Den einaste mannen som eg visst åtte ein liten frukthage her i bygda var han Sjur i Klubben. Når eg gjekk forbi der såg eg med undring på dei gode bær og eple som var på trea. Eg tenkte: Kor kjekt det ville vera å ha ein slik hage! Enn om eg no våga å be han Sjur om nokre plantar? Eg hadde aldri snakka med den mannen før. Folk sa at han var so vrang og bråsint at det var lite råd å ha noko med han å gjera. Men far sa, eg skulle ikkje bry meg om alt det folk snakka om, eg skulle berre gå.
Og ein dag tok eg mot til meg og gjekk til Kroken. Eg fekk vel ikkje mindre enn nei, meinte eg. Men då eg kom framom husnova hans vart motet mitt borte, men eg heldt fram likevel. Sjur sat ute på dørhella og telga på eit økseskaft. Eg helsa, men han svarte ikkje. Han såg ut til å vera i ulag. Eg stod der eit stund og visste ikkje kva eg skulle gjera. Å gå heim att utan å utretta ærendet mitt syntest eg var meiningslaust.
Til slutt tok eg motet til meg og kom fram med ærendet mitt. Han snudde på hovudet, gløste på meg med sine utståande, blodsprengde augo - Kva var det eg sa? Ville eg ha tre? Kva ville eg med dei? Hadde eg nokon inngjerda plass å setja dei i? - Dette var meir enn eg kunne svara på slik med ein gong. Eg var reint handfallen. Så sa eg: -Nokon inngjerda stad har eg ikkje no, men eg kan vel laga ein. Han berre blåste i nasa. Eg yngste at Knut, stesonen hans hadde vore heime, så hadde eg ikkje gått ærendlaus. Men han og kona var i Krosshamn. Og Sjur, det trollet, var ein "bøyg" eg ikkje kunde koma utanom. Eg kjende meg både vonlaus og harm. Eg snudde meg om og gjekk. Men då ropa han kor eg var ifrå. "Frå Bjelland" - "Kven sin son er du då?" - "Eg er son åt Ivars-Ola'n". - Jau, då måtte eg stogga litevetta. Og so kravla han seg opp på krykkjene sine og rusla bort åt hagen sin, rykte eit lite kirsebærtre opp med rota, skar av nokre greiner på eit stikkelsbærtre og rekte meg dei med ei lang preike om korleis eg skulle setja dei i jorda og stella dei. Eg var mykje takksam. Tok fram pengar og ville betala dei. Men då såg han så glupsk på meg at eg snøgt la pengane ned att i lomma mi, takka for meg og flaug så nedetter vegen. Eg kan seia eg var glad! Gamle Sjur synte seg å vera betre i røyndi enn i syni, som Petter Dass seier om steinbiten.

Då eg kom heim sa far at han skulle finna ein høveleg plass og setja opp gjerde med det same. Eg såg tidt etter om dei kom seg og det gjorde dei til stor glede for meg. Året etter bar stikkelsbærtrea store bær som eg syntest smakte så godt. Det var vel av di eg sjølv hadde planta dei. Kirsebærtreet står enno og i varme somrar kan det bera velmoden og gode bær.

 

Sjur og hundenbb

Han Sjur hadde fått seg ein ung hund som var vill og kåt, som slike små hundar plar vera. Og han fann på mangt og mykje, ville leika seg med alt og alle. Tinda Sjur på ei rive, kunne Passup ta tindeemna frå han, springa bort på ein bakke og gnaga dei sund. Då vart Sjur ovleg sinna, som ventande var. Om han kalla eller lokka eller truga med all verdas ulukke nytta det like lite. Hytta han til han med staven sin, flaug hunden opp, og ville slita staven i frå han. Slik gjekk det mange gonger, til moro for hunden, men til skade og harm for Sjur. Ein gamal hannkatt som han Sjur var så glad i , jaga han seint og tidleg. Og det gjorde ikkje Sjur blidare. Men det verste av alt var den uvanen hunden hadde, at så snart Sjur med stor møda hadde reist seg og byrja å gå på krykkjene sine flaug hunden mellom føtene hans slik at Sjur kvar gong var nær på å falla over ende. Og då var det alt anna enn gode ønskjer han hadde for den skarve Passopp. Ikkje kunne han slå med krykkjene, endå mindre kaste dei på hunden, for då vart han reint hjelpelaus. Difor var dei to beiske uvener, dei som elles kunne vore dei beste vener.

Ein dag hadde Sjur vore oppe på Nausthaugen. Då han kom gåande ned att kom den gamle hannkatten og strauk seg att med Sjur og mol høgt av glede. Sjur vart og glad, let vel med pus med eit mjukt og lint mål som ein elles ikkje høyrde så ofte hjå han. Hunden låg bort på bakken og venta på at Knut skulle koma frå sjøen. Han høyrde det og, snudde på hovudet og fekk auge på katten og - ein - to - tre - flaug han av stad og like mot krykkjene til Sjur, så han fall så lang - eller så kort - han var, medan hund og katt for over haug og hammar. Eg vil ikkje herma alt det Sjur sa, men han banna på at det skulle vera siste dagen hunden skulle få leva. Han fekk lokka han med seg ned til båten, batt ei vidja om midja på hunden og ein diger stein i same. Hunden skulde søkkjast, det nytta ikkje kva Knut sa. Hunden var glad som alltid og trudde vel det var ei eller anna moro som stor føre. Sjur rodde ut for Kringleliholmen på det djupaste vatn og kasta hunden på sjøen. Først då skjøna hunden at det galt livet, stakkar. Sjur rodde attende til Naustbakken og meinte på at no skulle både han og katten få vera i fred for den "Svinehunden".
Etter at Sjur hadde arbeidd med noko inne i sjøbua, gjekk han heim att. Det gjekk smått om senn, men han kjende seg glad over at han verkeleg var kvitt den "syndeplaga" som han kalla hunden. Men då han endeleg kom fram om husnova - kva var det då han såg? Jau, han såg Passopp som låg på dørhella og sleikte seg! Då vart Sjur så skremd at han nær hadde ramla attlenges. Han trudde plent at det måtte vera trollskap med i spelet. Hunden såg på honom med sine spelande brune augo som om han ville seia : "Eg kom først heim likevel! Eg vann!" - Frå den dag var Sjur redd Passopp.

 

Eggtjuv - for siste gongbb

Ein søndag gjekk eg og Kris til Bø. Me og to kameratar der nord var blitt samde om å ta ein segltur inn over fjorden. Det blåste ein frisk nordvestvind. Det gjekk strykande framom Veggjaneset og Klungerholmen, men då me kom midtfjords auka vinden så sterkt på, at me fann det best å snu attende. Me styrde mot Ospøy-skjæra, gjekk i land der for å leita etter egg. Eg kom over eit ærfugl - reir. Fuglemora vart skremd og med eit fælt skrik flaksa ho av reiret sitt og på sjøen. Det stokk i meg. Eg tok berre eit egg, men eg tykte at det brente fingrane mine. Men eg var ikkje god for å smaka det då det var kokt. Fuglemora sitt angstfulle skrik høyrde eg kvar eg gjekk. Og frå den dag rørte eg aldri eit reir eller tok eit egg meir.

 

Skuleeksamenbb

På Bø var me inne hos frendekona (kona til ein slektning ) og fekk oss mat. Ho sette ei diger rømmekolle framføre oss med flatbrød og stompkake. Me var skrubbsvoltne, men me tenkte at me fekk fara vakkert åt likevel og sette skeia varsamt ned med kanten. Dette forstod den snille kona og kom bort og la ein tallerken under kolla, so rømmen flaut ned til oss og bad oss forsyna oss godt. Me så gjorde. Då me endeleg var ferdige, gode og mette bad me vel fara og gjekk oss heim att. Han Kris hermde det gamle ordtøket: -Mett mann veit seg råd, når han hev ete vil han gå.

Då me kom sør i marka stod der ein spade oppreist i ein torvhøl. Spaden tilhøyrde ein mann på Bø. Kris ville gøyma han under eit brot. Men eg sa at alle visste at me gjekk gjennom marka i dag og at me berre ville få ulempa av det. Han minnast vel korleis det gjekk med oss då me hadde teke Per sin båt utan lov ? Ja, det nytta ikkje. Han ville ikkje gjera spaden noko, men ned i hølen skulle han gravast. Og då han hadde gjort det lo han så godt og meinte at dei skulde få leita lenge etter den.

Dagen etter var det skule-eksamen hos farbror min på Haukanes. Me frå Bjelland var dei fyrste som kom. Like etter kom skuleborna frå Bø. Den første eg råka var son åt han som åtte spaden. -Var det me karane som hadde øydelagt torvspaden deira? spurde han meg. -Eg hadde ikkje mi hand i han, svara eg. -Så var det kan Kris då? - Du får spørja han sjølv. Kris stod borte ved stabburet og hadde moro med ein hane saman med andre kameratar. Bøguten kom bak på han, tok han i aksla og spurde: -Kvifor øydelagde du torvspaden vår i går? Kris snudde seg om, men var så forfjamsa at han ikkje fekk ord for seg. Det kom så brått på 'an at han ikkje fekk lyga det frå seg. Endeleg kom det: -Eg har ikkje gjort spaden noko. -Ja, det var det same - sa han ikkje no kor han hadde gjort av spaden gjekk han beint til presten og klaga han. - Då måtte Kris sanna at han hadde grave spaden ned i torvhølen. Ja ,var det berre sant og han ikkje hadde gjort noko skade på han så skulle han ikkje nemna noko om det til presten. Men ein fark var han som for såleis åt. Eg ottast ille, men det gjekk då betre enn eg hadde vona.

Då kom presten og me måtte inn og syna kva me kunne. Presten var streng og heldt lenge på. Endå var det så vidt me fekk frikvarter. Eg og den før nemnde bøguten var ute på same tida. Han letta på loket og såg kva som var i dei tinene som stod utanfor stoveveggen. Så fann han ei med berggylte, potet, smør og brød i og spurde meg om eg visste kven si tina det var. Eg ottast ikkje noko vondt og sa at det var han Kris si. Då riste han den til all den gode maten var ei einaste gjørme. Eg var harm og sa at han måtte skjemmast over ei slik åtferd. Men han truga meg med bank nemnde eg noko om dette. - Di svarte kråka!, sa eg og flaug inn att. (Ein kalla folket frå Storebø for Bøkråka.)

Då me seinare skulle halda middag, kunne han Kris ikkje skjønna seg på kva måte maten hans var øydelagt. Men endeleg gjekk det opp for han at det var einkvan som hadde rista tina hans. Og han ropte at hadde han berre den farken for seg skulle han riste han lika mykje. Eg sa til han Kris at han ikkje måtte ropa so høgt, presten kunne høyra han. Det var best at han fekk låne seg ei skei! Men eg skulde berre teia still, han skulle nok greia seg. Då høyrde eg kor bøguten knisa og lo.
Til slutt skulle presten sjå yver skrivebøkene. Han mislika mange av dei, særleg avdi dei var so stygt medfarne. Somme heldt han høgt i veret og spurde om dei hadde brukt dei til tallerkar! Eg var glad det ikkje var mi bok. So skulle premiane skiftast ut. Spaninga voks med kvart minutt. Dei flinkaste fekk skrivebøker, andre papir og pennar. Andre ingenting. Endeleg vart også mitt namn ropt opp, og med bankande hjarta gjekk eg fram til bordet. Eg fekk fire ark papir og to pennar, ei stor gåve i mine augo då. Det var berre andre gongen eg hadde vore på eksamen. Glad og nøgd kom eg heim og synte det fram for far og mor og dei andre søskena. Siste gongen eg var på eksamen hadde eg den æra å få skrivebok. Men det var all den premie eg vart laga her i livet.

 

På tvangsauksjonbb

Ein gong var eg med far min på ein tvangsauksjon. Ein gamal fiskar var komen i så stor skuld til kræmaren at han ikkje kunne betala den i rett tid, og så sette han - kræmaren - lensmannen på han. Det var det same som å plyndra han for det beste han åtte: - ku og kalv, seng og gongklede, husbunad, notbalkar, fiskesnøre o.s.b. Då me kom fram til tunet streva mannen med å sette alt til rettes, bar eit bord og ein benk utanfor stova. Så sette han seg sjølv på ei kiste, stødde olbogane mot knea og la andletet i hendene sine. Han så oppgjeven ut, stakkar. Så kom lensmannen stor og myndig med den gullsnora huva si, helsa på den samla ålmugen, sa noko morosamt som folk skratta åt. Det var vel for å stiva opp kjøpehugen. Så let han augo fara utover dei framsette tinga, medan han rådspurde seg med protokollen, nikka på hovudet og fann vel alt i orden. Så las han opp kondisjonane ( vilkåra ) med steintorrøyst, sette seg ned på benken, tok hammaren i handa og auksjonen tok til. Lensmannen sende ut vitsar i aust og vest under "lått og galis".
Det var ein mann dei kalla "Blod-Nilse-Larsen". Han ville helst ha fillekleda og gamle sundrivne notstykker. Det fekk han, og lensmannen sa høgtideleg: "Du er heilt umissande for meg du , Lars!" - Eg minnest at far syntest synd i mannen som alt vart teke ifrå. Han var ikkje god for å kjøpa noko. Ein ting syntest eg var merkeleg. Mannen sat mest roleg medan kua og dei andre brukføre ( nyttige) saker vart bort-auksjonert som om han ikkje ensa noko av det som gjekk føre seg. Kona derimot - ho klappa kua, og eg såg tårene rann nedover andletet hennar. Ho kjende det vist tungt å skiljast frå den vene kua si. Men då lensmannen ropte opp eit gammalt lyskjerald, reiste mannen seg snøgt opp, tok det i handa si og sa: "Før det skal verta selt, før skal …" Eg høyrde ikkje meir. Då svarte lensmannen: "Nei, nei, far ,du kan no få ha det der". Denne hendinga syntest eg fortalde mykje om mannen. Som fiskar hadde han vel hatt mest å gjera med dette i mine augo so ufysne trankjerald. Eg trudde det ville vera det minste han kunne bry seg om. Men så underleg er no vårt hjarta ; det heftar seg oftast ved det som minst er verd.

 

Eit kongerike for eit kjebb

Eg og Eli søster hadde slik lyst til å ha oss kvart vårt kje. Og far gav oss lov til det. Så reiste eg ut til fastermannen min på Eio og spurde han om han ville selja meg to kje, ein han og ei ho. Og det ville han. Eg vart storleg glad og fornøgd. Dei var så fine. Men då eg skulle leia dei, ville dei slett ikkje fylgja med - dei ville nok ikkje frå heimen sin. Dei hoppa ende opp eller gjekk til kvar si leid, så eg visste ikkje korleis eg skulde få dei avstad. Men så snakka eg fint med dei, kjælte for dei, strauk dei mjukt over ryggen og klådde dei under haka. Då vart dei rolegare. Dei skjøna visst at eg ikkje var ein så farleg fyr likevel. Då eg hadde bunde dei til tofta i båten og byrja ro, såg dei forundra utover esinga ( båtripa ) på dei bårene og blåsor som årane let etter seg når eg rodde. Eli syster stod i stranda i Naustvika og ropte så snart ho såg meg, om eg hadde fått to kje - Ja, svara eg. Då vart ho glad.

Me leidde dei heim, gav dei mykje mjølk og lærte dei å eta flatbrød. Dei fylgde oss ut og inn som hundar. Og me vart meir og meir glade i dei. Dei voks og treivst stort. Dei gløymde visst at dei var blant framandfolk. Og så morosame dei var! Me kunde ikkje sjå oss mette på alle dei kunster dei gjorde. Dei sette i dei forunderlegaste krukedansar, hoppa ende til vers fram eller attende på ein så løgleg måte at me måtte le.

Når vi vart lei oss for noko, lurte me oss inn i løa og tok eit kornband som eg og Eli bytta mellom oss og så flaug me bortover bakkane og kjea etter med dei løyligaste himmelspett, så me måtte kasta oss i bakken og le ut, medan kjea åt kornet. Jau, det var moro! (Når eg skriv dette ser eg det så klart føre meg, at eg enno må le so godt med meg sjølv). - Så kom dei til oss og la hovuda i fanget vårt og jorta så velnøgd. Når me lurte oss i frå dei, så dei ikkje såg oss, flaug dei remjande over haug og hammar til dei fann oss att. Bukken fekk store horn og eit langt drusteleg skjegg og eg trur han visste det sjølv og var stolt over begge . Eg fann meg ein gammal kam og kjemde skjegget hans mest kvar dag, og det likte han godt. Når han såg meg kom han springande og lyfta på hovudet sitt, rista på skjegget som om han ville seia: "No må du kjemma meg att."

Ein kveld våren etter kom far inn og sa at der var ein fehandlar ute som ville kjøpa geitene våre, om me ville selja dei. Men då la me i veg for å berga våre trufaste vener og sa at me ikkje ville selja dei til nokon pris. Far lo og sa at me kunne gjera som me ville for han. Men fekaren vart snurten og meinte det var meiningslaust å retta seg etter "grasungane". Eg minnest kor glade me vart då han gjekk sin veg.

Då hausten kom var dei så store og tunge at berre vaksne karar kunde lyfta dei. Ragget var så langt at det nådde ned til jord. Om kvelden la dei seg ned ute på Grasbakken tett til kvarandre og jamnast med hovudet yver halsen på einannan. For moro skuld prøvde me å ha dei i kvar sit rom. Men det likte dei ikkje og gav inga ro før dei kom saman att. Når dei kom opp på hustaket vårt (den tida hadde me torvtak) glytte dei ned gjennom ljoren og såg forundra på oss som åt, og då remja dei og ville ha av maten vår, så me måtte ut med eit kvart slag. Då kom dei vandrande nedetter taket og byrja eta.

Eg hadde høyrt at geiter var glade i tobakk og bad far om eit lite blad. Far meinte det var meir enn nok at han brukte tobakk, om eg ikkje skulle læra geitene til det same. Men om eg ikkje sjølv ville "leggja meg på det", skulle eg få eit lite blad og prøva. Jau, dei var fælande glade i tobakk og sleikte på fingrane mine meir enn etter salt som dei og var grådige etter.
Dei var no to drustelege dyr. Og andre folk var forarga over at me skulle ha to slike dyr gåande ned i liene og øydeleggja vidjeskogen deira . Far sa alltid til oss at me vart nøyde til å selja dei for ikkje å høyra meir vondt for deira skuld. Me skjøna då at me måtte skiljast frå dei, og me vart mykje sorgfulle. Men me kjælte enno meir for dei og gav dei det beste me visste. Me ønskte ofte det ikkje måtte koma nokon fekar den hausten, slik at me fekk hav dei lenger. Men ein morgon kom Gyrid inn og sa at geitene visst var vortne sjuke. Eg hoppa ut av senga, fekk buksa på meg og flaug ut, og Eli søster kom straks etter. Geita var mest daud, ho lea lite grann med hovudet sitt, men kjende oss ikkje. Bukken derimot kjende meg, og då eg strauk han over skjegget sleikte han meg på handa. Straks etter la han hovudet på marka og var daud. Då byrja me å gråta begge to, me gret mest heile dagen og var ikkje god for å smaka mat. Me hadde ei stygg otte for at dei hadde vore inne i eit eldhus hjå grannen og drukke noko "svinaskap" som dei sprakk sund av. Me vart enno meir sorgfulle og harme. Men gjera noko med den saka kunne me ikkje.

 


Ei skræmeleg hending i Hamnbb

Eg var jamt i Hamn, den næraste handelsstaden, for å kjøpa eit og anna me trong til huset. Ein dag eg var der kom eit notlag frå Sundsokna. Dei hadde vore på "Sørafiske".

Notbasane heitte Nils og Mons, og så var det ein lutmann som heitte Håkon. Dei var fulle alle tre, men dei ville ha meir - øl og vin (vin i ølglas). Men ei så fæl stund har eg ikkje opplevd. Dei banna og bad til den vonde så fælsleg at eg syntest den vonde var lys levande til stades. Og det var han vel og. Ei ung jenta la handa si på Mons sin arm og bad han at han ikkje måtte snakka så fælt. Men med ein eid riste han handa hennar tå seg og drakk enno meir. Han Nils var ein gammal mann og han skalv så sterkt på handa at han knapt kunne løfta glaset opp til munnen. Men banna kunne han, so det var ei gru å høyra på. Eg var så redd at eg skalv over heile kroppen. Eg sprang ut av krambua. Då eg kom ut under open himmel og såg sola skein so klart og høyrde bekken risla stod det heile for meg som ein vond draum. Eg tenkte at når vin og brennevin kunne gjera folk såleis, verre og styggare enn noko udyr - burde slik gift vera forbode og dei som handla med slike varer enten setjast fast på livstid eller jaga ut av landet.

Det vart lenge før eg våga meg i Hamn att. Og når eg kom til krambua var det som om eg høyrde dei fæle orda og som om den vonde ikkje var langt borte. Og ei tid seinare var det ei tenestejente i Hamn som skulle ha sett noko fælsleg skremmande nede på bua, så ho mest vart skremd frå vettet sitt. Så er fortald meg.

 

Skarlagsfeberbb

Hausten etter vart eg og Eli søster mi, og to andre born her på garden sjuk av skarlagsfeber. Eg var mest sjuk av dei. Eg ville plent kjøvast. Alle trudde eg kom til å døy, og sjølv trudde eg det og.
Distriktslækjaren (Kruger) som var bodsendt, stod midt i stova og såg bort på meg ei stund. Så snudde han seg på hælane og gjekk sin veg etter at han hadde åtvara oss mot å gå til grannane eller la dei koma inn til oss fordi sjukdomen var så fæl til å smitta. Men han nemnde ikkje eit ord om kor farleg sjukdomen var for oss som hadde den. Dei andre kom seg nokolunde snart att, men eg var lenge sjuk. Mot all von vart eg litt om senn frisk att, og så snart eg kom meg ut av senga, gjekk eg og vassa i snøen saman med dei andre kameratane mine, nettopp på den tida huda skallast av armane og heile kroppen min. Men då skulle eg hatt det varmt til eg hadde fått ny hud att. Det visste eg ikkje då. Og frå den tida var det som om kvar nerve snørte seg saman.

Ein dag kring kyndelsmesse (Katolsk lysmesse 2. februar. I folketrua ein merkedag då halve vinteren er gått. red anm.) skulle eg få vera med far til Krosshamn. Om morgonen var veret fint. Men heile sydausthimmelen var gloande raud. Då me rodde framom Veggeneset sa far at me fekk nok skunda oss, for han ottast snøstorm om ettermiddagen. Me so gjorde - Men me var så vidt komen i land på Krosshamn før uveret braut laus - ein forrykande snøstorm frå sydaust. Det var ikkje tale om at nokon som var der kunne koma derifrå såleis som veret då var. Men då det leid frampå ettermiddagen sa far at me laut prøva. Med største møda vann me oss opp til Krossøy. Då orka me ikkje meir. Der låg me i to timar og venta på at uveret skulle spakna. Men nei, det vart heller verre. Eg fraus fælt. Eg skalv. Då visste far ikkje noko anna råd enn å hamla nedatt til Krosshamn. Det såg stygt ut. Dei rasande bølgjene truga kvart augneblink med å fylla båten. Men me kom oss vel i land. Då var eg so valen både på hender og føter at eg måtte krypa opp trappa. Då var det kveld og me fekk oss seng på bondestoveloftet. Der var det isande kaldt. Eg kunne ikkje verta varm endå far breidde mest alle kleda over meg. Midt på natta gav uveret seg og det vart dammande stilt. Då gav me oss på heimferda. Far rodde som berre han kunne ro, og me kom snart til Straumen. Eg vassa heim gjennom snøen så fort eg kunne. Våre hadde vore fælande redde for oss. Men då eg kom og kunne fortelja kva som hadde hendt, vart dei glade. - Frå den tida var eg aldri rett frisk. Først vart eg stiv i høgre handledd og kneledd. Men eg trudde at eg ville verta god att. Den vona måtte eg snart sleppa. Det vart verre og verre.

Og tredje juledag same året (1879) måtte eg gå til sengs og stod så ikkje opp att meir. Distriktslækjaren var fleire gongen hjå meg. Men han forstod ikkje sjukdomen min. Han ville kvar gong sjå tunga mi og gav meg så noko mikstur å drikka! Men der gjekk gjetord om ein lækjar, dei kalla Gjestland. Kunne me få han ut til meg ville nok han vita ei råd. Far lova meg at han skulle reisa eins ærend til han. Han budde på Nymark på Tysnes. Far heldt ord og lækjaren hadde sagt at han skulle koma ein viss dag. Eg leid stor smerte, men hadde da god von om å verta fri all verk og pina når den namngjetne lækjaren kom.
Og han kom - stor og tjukk som ein premiestut. Men han var ikkje olm, det var ein blidvoren mann. Han tok ein stol og sette seg attmed senga mi. Det knaka og braka i stolen, så eg trudde den hadde gått i knas. Han såg på meg ei lita stund utan å spørja meg om noko. So kasta han sengekleda av meg, tok ei hand om leggen og ei om låret og byrja bryta på kneleddet som var stivna til, so det gjorde fælsleg vondt. Det same gjorde han med handleddet og. Eg orka ikkje å la vera å klaga meg. Men då sa han: "Å, det er ikkje noko å skrika for!" Då vart eg arg - skam å seia - og beit tennene saman. Men skræmeleg vondt gjorde det. Eg kjende meg våt av sveitte over heile kroppen då lækjaren til slutt var ferdig. Så skar han opp ein svull på høgre hand og overarm. Like eins ein stor svull på venstre lår. Då han skar opp den siste og fekk ei skål full av verk, sa han at eg visst måtte ha lidt skræmeleg. Dei orda tok bort mykje av illviljen min mot han. Så sette han seg tungt nedatt i stolen, sat slik ei stund utan å seia noko. Eg vakta på kvar mine i andletet hans for å lesa meg til den dom han ville fella over sjukdomen min. Då rista han på hovudet sitt og sa: "Eg veit diverre inga råd for deg. Såleis kan du koma til å liggja i tjue år". Då eg høyrde dette gjekk det som eit knivstikk gjennom hjarta mitt. Med eitt såg eg livet mitt framfor meg som ei endelaus uhugnad. Og ein vill rasande smerte reiv og sleit meg i brystet so hardt, at eg no ikkje kan seia det for noko menneske! Eg måtte verta frisk att. Eg ville ut, ut ….!

Lækjaren skjøna visst noko av korleis eg hadde det innvortes, for han klappa meg bort på hovudet og sa: Kanskje det kan verta til ditt beste!"

No er det gått over 56 år sidan den tida og enno ligg eg her sameleis. Eg må seia med den hardt prøva gudsmannen: "Mine dagar dei kvarv bort og mine planar slitna sund, dei som mitt hjarta emnar på" (Job 17.11).