Til opningssida

1886 - Austevoll eigen kommune

 

Austevoll vart eigen heradskommune frå 1886, då den vart utskilt frå Sund heradskommune.
Kommunen ligg i Midthordland, på fleire store og mindre øyar, og grensar i sør til Fitjar kommune, i aust til Tysnes , i nordaust til Os og i nord til Sund kommune. På vestsida ligg Nordsjøen og havet.

Prestegjeld- og sokneinndelinga:

Då formannskapslovene vart sette i verk i 1838 hadde Sund prestegjeld i Nordhordland Prosti i Bergen Stift fylgjande sokner:

Sund hovudsokn,
Møgster sokn
Austevold sokn

Ved kongeleg resolusjon (kgl.res.) av 22.10.1910 vart soknene Austevold og Møgster eige prestegjeld.

" I At det residerende kapellani i Sunds prestegjeld under Midthordland provsti i Bergens stift nedlægges fra 1 januar 1910 at regne.
II Fra samme tid at regne skal annekssognene Austevold og Møgster av samme prestegjeld utskilles og overgaa til eget prestegjeld under navn av Austevolds prestegjeld, i det Austevolds sogn blir hovedsogn.
III - IV - VI ( ....) "

Tinglag / lensmannsdistrikt:

Sund prestegjeld var i 1838 delt inn i fylgjande skipreider/tinglag:
Sund hovudsokn høyrde til Sartor tinglag i Nordhordlands og Voss Fogderi.
Møgster og Austevoll sokner høyrde til Våg tinglag i Søndhordlands og Hardangers Fogderi.

Ved kgl.res. av 17.02.1866 vart Sund tinglag/lensmannsdistrikt oppretta.
Ved kgl.res. av 08.10.1888 vart Sund tinglag delt i to, til Sund tinglag og Østervold tinglag. "hvorved er bestemt at Sunds thinglag i Nordhordland fogderi, Søndre Bergenhus amt, fra den tid, der af amtmanden nærmere bestemmes, deles i to thinglage, Sunds thinglag og Østervolds thinglag, svarende til herrederne af samme navn."

Ved kgl.res. av 15.09.1910 vart det namneskifte. " hvorved bestemmes at Sunds lensmandsdistrikt i Søndre Bergenhus amt for fremtiden blir at benævne Sund og Austevolds lensmandsdistrikt."

Ved kgl.res. av 17.04.1964 vart det fylgjande endringar i lensmannsdistriktet: "
1) Sund og Austevoll lensmannsdistrikt nedlegges.
2) Sund kommune legges til Fjell lensmannsdistrikt som før navnet Fjell og Sund lensmannsdistrikt.
3) Austevoll kommune blir eget lensmannsdistrikt under navnet Austevoll lensmannsdistrikt.
4) Justisdepartementet bemyndiges til å fastsette tidspunktet for gjennomføringen av reguleringene."

Kommuneinndeliing - og namneendring

I samsvar med formannskapslovene av 1837 § 1 vart Sund formannskapsdistrikt oppretta og gjort gjeldande frå 1838. " I ethvert Præstegjeld paa Landet skal det være et Formandskab....." Matrikkellova av 1863 innførte nemninga herad for formannskapsdistrikt på landet. Heradskommune er også ei nemning som er brukt. I nyare tid er kommune den mest vanlege nemninga. Ved kgl.res. av 21.februar 1885 vart soknene Austevold og Møgster delte i frå og Østervold heradskommune vart oppretta, gjeldande frå 01.01.1886.

" Kongelig resolusjon av 21. februar 1885, hvorved det i henhold til lov om formandskaper på landet m.v. av 14. januar 1837 § 60 bestemmes: 1) At Sunds herred i Nordhordlands fogderi, Søndre Bergenhus Amt, på de i herredstyrelsens møte den 27de desember 1884 vedtagne betingelser deles i to herreder, nemlig Sunds herred, svarende til sognet av samme navn, og Ïstervold herred, omfattende Østervold og Møgster sogne, samt 2) at amtmanden bemyndiges til nærmere at bestemme tiden for delingens ikrafttreden."

Møteboka for formannskapet i Austevoll viser at første møte vart halde 12.01.1886. Namnet var då Østervold. Frå juli 1889 er namnet endra til Austevold. Ved kgl.res. av 3. november 1917 vart namnet på heradet endra frå Austevold til Austevoll. Ved kgl. res. av 01.02.1935 vart Møgster endra til Møkster. " Soknenamnet Møgster, Austevoll herad, Hordaland fylke, vert brigda til Møkster. ".

Gjeldande frå 1964 skjedde det store endringar i kommuneinndelinga i Hordaland fylke, til liks med resten av landet.

Ved kgl.res. av 26.april 1963 skjedde fylgjande endringar i Austevoll: " Kongeleg resolusjon av 26.april 1963 om at dei områda som Fitjar kommune i Hordaland fylke har på Huftarøy og Selbjørnøy skal leggjast til Austevoll kommune i same fylke.

" Kongeleg resolusjon av 6. juni 1963 fastsette at ovenfornemnte overføring skal gjerast gjeldande frå 1. januar 1964, og at kommunen framleis skal heita Austevoll.

Ordførarar i Austevoll kommune 1886 - 1989:
Kyrkjesongar Olav Strømme 1886 - 1901
Fiskar Peder Olai Kleppe 1902 - 1919
Bonde Olai Nausthellar 1920 - 1925
Bonde Mikkel Nilsen Birkeland 1926 - 1934
Lærar Magnus Larsen 1935 - 1937
Fiskar Salomon O. Fagerbakke 1938 - 1945
Fiskar Salomon V. Kalvenes 1946 - 1959
Trygdesjef Rikard Storebø 1960 - 1969
Statslos Peder Kalve 1970 - 1975
Rektor Magnus Stangeland 1976 - 1981
Kjøpmann Knut K. Kalvenes 1982 - 1985
Skippar Hallvard Møkster 1986 - 1989
Filialsjef Inge Bjarne Storebø 1989 -

 

Kjelde

Interkommunalt arkiv, Bergen v/ Åse Eikemo Strømme
Matrikkelen av 1838 ( for tinglaga ) Departementstidende (kgl. res.)
Register over kyrkjebøker,
Statsarkivet ( prestegjeld - sokneinndeling )
Register over lensmannsarkiv,
Statsarkivet ( tinglag og lensmannsdistrikt ) st og meir tekst.