Til opningssida

Stadnamn - frå folkemunne til internett

Eit eineståande samarbeidsprosjekt mellom Austevoll kommune, Austevoll Kraftlag, Norkart og Nordisk institutt (UiB) har gjort det mogleg å gjera drygt 9000 stadnamn frå Austevoll tilgjengelege på internett. Dette vil seia at mengdevis med smånamn som tidlegare berre levde på folkemunne og i arkivskuffer, namn som har vore i ferd med å gå ut or bruk, no kan hentast fram på dataskjermen, med namnepunkt plasserte på detaljerte kart og moderne flyfoto. I tillegg finst det no ei lydfil for kvart namn i genuin dialektform, som gjer at ein framfor PC-en heime kan lytta til namneformer som Tussaklòven, Monsanauste, Prestabryggjo, Samsonsstykkje, Dårakisto og Kvelpadynena og samtidig sjå kor namna finst på kartet. Prosjektet har hatt økonomisk støtte frå Hordaland fylkeskommune, Austevoll kommune, Austevoll Kraftlag og Universitetet i Bergen. Firmaet Norkart har lagt til rette det teknologiske på sidene for kart og foto.

Materialet er samla inn av Asbjørn Øye, Arild Noven og Nils Steinar Våge. I tillegg blei det på slutten av 1980-talet gjennomført ei offentleg støtta namneinnsamling der Berit Austevoll og Sissel Elin Rabben gjorde feltarbeidet.

Dei aktuelle nettsidene vart offisielt opna på ei tilstelling i lokala til Austevoll Kraftlag tysdag 8. mars klokka 12.30.




Velkomen som ny brukar av kartsidene til Austevoll kraftlag. Om du ikkje får fram kartet kan det vera at du manglar rett progam (ActiveX) for å kunne bruke kartet.

Trykk her for rett program

Etter at programmet er lasta ned må du installere det. Slik gjer du det:

    1. Last ned den sjølvutpakkande fila og lagre ho på harddisken, t.d. i katalogen c:\temp
    2. Du startar fila ved å dobbeltklikke på ho i utforskeren eller ved å trykkje på START knappen, vel KJØR og skrive c:\temp\mc.EXE. (dersom programmet er lagra i c:\temp)
    3. Stadfest alle spørsmål og installasjonen går sin gang.
    4. Når installasjonen er ferdig må du starte nettleseren/browseren på nytt før du kan begynne å bruke kartsidene.
    5. Dersom du får feilmelding om at "MSIEXEC" manglar, har du ikke fått "Windows installer" installert på maskina di då Windows vart installert. Dette programmet kan du laste ned frå side våre.

Gå til:

Stadnamnsidene