Støling

Av Olav K. Drivenes – trykt i Sunnhordland årbok 2002

Medan dei i andre luter av landet vårt drog til seters og var der oppe mesteparten av somrane, gjekk dei på stølen her i våre bygder. Det dreidde seg mykje godt om same føremålet. På setra var folka heile tida saman med buskapen sin, der mjølka dei, ysta og stelte om dyra til dei drog heim att ut på ettersommaren. I kystbygdene som andre stader vart løene tomme fot høy om våren, dyra rasla med lekkjene på båsen og ville ut. På bøane heime kunne dei ikkje gå. for der skulle graset gro og veksa, for seinare å bli slått og samla i løa til vinterfôr. Då vart dei sende på beite i utmarka. Der måtte dei greia seg sjølve om dagane, og så gjekk folk og stelte om dei kveld og morgon. Dei gjekk på stølen vart det kalla.

Det var kyr og sauer som såleis blei sende på eit slags sommaropphald i utmarka. Der var det store vidder for dei å fara over, og vokstrane dei fann var lyng, brake, bregner og gras. Innimellom sutla det små bekker med klårt og reint vatn som dei kunne drikka av. Skog var det mest ikkje, og det blei lett å finna dyra att om dei stundom tok seg ein rusletur lenger vekk enn vanleg. Ofte var det med ei bjølleku som gav lyd frå seg om dei skulle ha forsvunne bak ein haug.

Ein av dei få uteflorane som framleis står att på StolmenDette sommaropphaldet ute i frisk luft og fri natur hadde dyra tydeleg godt av. Dei fann rikeleg med mat og mjølka godt. Dei fekk mosjon for musklar og bein og bygde seg opp etter ein lang vinter med inne-ståing på bås. Men dei syntest også å vera godt nøgde med at folket deira kom og såg om dei og stelte dei kveld og morgon.
Ute i marka hadde kvart bruk ein uteflor, dei kalla. Der skulle kyrne vera om sommarnettene når det ikkje var tilrådeleg å lata dei liggja ute. Kvar kveld blei dei henta inn frå beitet, leia inn i utefloren og bundne med ei lekkje om halsen i kvar sin bås. Det vanta ikkje godbitar, middagsrestar o.lign. som folket hadde med til dei i bøtter. Kyrne kjende både folket og bøttene, og var snare å koma når dei såg dei.
Medan dei sto der på båsen og gomla eitkvart, vart dei mjølka, og så roa dei seg smått om senn. nesten som når folk etter endt arbeidsdag tek kveld og går til ro.
Neste morgon måtte folka tilbake på stølen. Då skulle kyrne mjølkast igjen og sleppast ut på beite. Ein skulle helst stå litt tidleg opp for å gå på stølen. Dyra måtte få lengst mogeleg dag ute i lendet. Elles la dei andre stølsfolket merke til deg, og gjorde seg opp ei meining om du var seint ute og gjekk om morgonen. Det var ikkje så bra, og det var best å halda tritt med anna folk såleis.

Sauene blei som nemnt også sleppte utpå sommarbeite i marka, men dei var det ikkje så mykje stell med. Dei greidde seg sjølve og vanka vide omkring for å finna mat. Den hadde dei elles ingen vanskar med å firma, og ikkje var dei så kræsne på maten heller. Stundom vanka det godbitar på dei når einkvan av husfolket tok seg ein tur og såg etter dei og hadde noko dei lika med til dei, Sauene blei snart skjerre og redde nar det gjekk fritt på denne maten om somrane og ikkje hadde den rette kontakten med eigarfolket Det hende at ein sau eller eit lam gjekk seg fast – i skorfeste – då måtte dei bergast ned.

Ein litt underleg ting å merka seg var -eller var det ikkje så underleg? – både kyr og sauer frå same fjøset heldt jamnast lag. Det kunne nok vera dyr frå andre fjøs i nærleiken, men det var lite dei blanda seg. Oftast heldt dei seg til sine. Det var jo greitt, for når du fann dyra dine, så var dei der alle, vanlegvis, og du slapp å skilja ut dyr som ikkje var dine eller ikkje skulle same vegen. Men skulle ein annan dyreflokk same vegen tok ein gjerne den med og. Det var alltid dei som var takksame for det. Ei lita teneste i ny og ne vart sett stor pris på.

Stølsdrifta gav lite sommarferie til den som hadde kyr. Kvar dag var det pålagt deg å gå på stølen kveld og morgon. Dyra skulle ha stell og dine eigne ynskje og behov måtte koma i andre rekkje. Folk kunne nok bytast om desse pliktene når det var fleire i familien, det blei også gjort. Men kona i huset hadde andre plikter og kom sjeldan frå, sjølv om ho slapp gå på stølen av og til. På eit gardsbruk var det ikkje berre stølsgonga som batt deg heime om sommaren, ei rekkje andre gjeremål ein ikkje kunne koma utanom, kravde einkvan til å vera der og utføra dei til ei kvar tid. Ferie var eit mindre kjent omgrep då enn no, og langt færre hadde dei store lengslene etter den.I dag står mange av murane etter dei gamle uteflorane att ute i marka. Dei er fint oppbygde og folk hadde tydeleg lagt kunnskap og sjel i arbeidet når dei murde dei.
Så kom dei ruslande då – stølskonene eller stølsjenta – med stølsbøtte på ryggen og godtebøtta i handa. Stølsbøtte var eit slags ranselforma spann av sink eller aluminium forma slik at ein kunne bera det i selar på ryggen. Det var lettare det enn å bera det i handa fullt av mjølk. Stølsvegen var lang, og fulle mjølkespann var tunge i lengda. Frå først av var stølsbøtta laga av tre. samansett av stavar om lag som trestampar og kaggar blir. I stølsbøtta skulle ein helst få plass til all mjølka, men det hende nok at ein måtte bera eit lite spann med mjølk i handa når kyrne gav ekstra mykje mjølk eit mål.
Folka slo seg gjerne i lag når dei gjekk på stølen, i alle fall når dei skulle same vegen. Stundom høvde det at dei hadde følgje heim att og, men det var ikkje kvar gong. Uteflorane kunne liggja med noko avstand frå kvarandre, og ikkje alle dyra var like presise å møta fram når stølsfolket kom. På desse stølsturane hadde dei litt av sin sosiale omgang. Dei kunne utveksla bygdanytt og anna nytt om denne og hin og om ting som hende heime og ute. ei avis-, radio og TV laus tid kunne det formidlast mykje nytt på denne måten, og det blei det og.

Det kan sjå ut som om det var kvinnene som gjekk på stølen. Det var det jamnast, men det hende at ein mann eller to også gjekk. Dei måtte vera mjølkekyndige dei som skulle gjera den jobben, og det var ikkje alle menn som tok seg tid til å læra seg å mjølka. Dei hadde anna å ta seg til, meinte dei. Men ungane var gjerne med på stølen. Dei kunne brukast til så mangt – som å gå langt av garde å finna dyra og jaga dei heim til utefloren. Dei kunne moka og stella det dei formådde, og dei kunne hjelpa med å bera eitkvart. Du høyrde sjeldan at ungane freista vri seg unna stølsturane, ein må tru dei likte det. Men om morgonen var dei sjeldan med, det var i tidlegaste laget for dei å stå opp då.

Men så tok stølsdrifta ein ende – som så mangt anna innan gardsdrifta på våre kantar -. Først laga dei kulturbeite i nærleiken av heimefjøset og let kyrne gå der. Etter kvart minka det på husdyrhaldet, berre ytterst få hadde kyr att, og dei innretta seg slik at dei slapp å gå på stølen. Den skikken er no heilt borte.
I dag står mange av murane etter dei gamle uteflorane att ute i marka. Dei er fint oppbygde og folk hadde tydeleg lagt kunnskap og sjel i arbeidet når dei murde dei. Mange står like heile, om det no er over hundre år sidan dei kom opp. Taka og båsane er vekke, dei var ikkje laga av så varig materiale som murane var.
No får folk tak i den mjølka dei treng på annan måte, via meieri og butikk. Men det seier oss at det finst folk andre stader som held kyr og oppheld mjølkeproduksjonen og kan forsyna alle oss andre med mjølk. Kreftene blir no brukte på andre område enn på den noko tungvindte stølsdrifta dei dreiv før på våre kantar.